Veslesysteblogg

Veslesysteblogg

Reisa gjennom mine auge:

Les kva eg gjer og opplever på reisa vår.

Lima + Guatemala

førebuingPosted by mamma Sat, April 09, 2011 06:46:20

Me hadde isfest for alle vennane i Arequipa.Også reiste me med buss til Lima. Me sov i bussen... Når me kom til Lima ,så kjørte me rundt i toetasjes buss. Ein guide som hadde eit raud flagg, fortalte ting som eg ikkje skjønte. Så såg me på katakomber som var under bakken. Det var litt ekkelt, for det var bein og hueskaller der. Når han var ferdig med å prate, så gjekk me inn i bussen igjen. Det var ein lang busstur. Me var i Lima fire dagar. Det var eit stort hus, der budde ei stor jente og mamman hennes. Dei hadde ein katt.

Me var i vattenparken. Eg og storebror gjekk igjenom vatnstrålane 2 gongu. Det var morosamt å gjera det. Me var på barneheimen, det var nokon som kjente meg att. Eg og storebror fekk gele. Det var ein liten jente som likte mamma kjempegodt. Det var ein som hadde bursdag i barneheimen. Ei jente, men me viste ikkje kem jente som hadde bursdag. Så reiste me frå barneheimen.

Me budde hjå ein familie i Guatemala. Dei hadde ein jentehund. Me var 5 dagar i Guatemala. Den fyrste dagen skulle me i dyrepark. Der var det mange dyr : sebra , flodhest, giraff, kamel, struts, geit, flamingo, aper, pelikan, puma, ugle og mange andre dyr. Når me hadde vore i Guatemala i 5 dagar, så reiste me til Cancun i Mexico.

Skuleveker i Arequipa

førebuingPosted by mamma Wed, March 23, 2011 23:59:45

Me har ridd hest. Storebror reid aleine og mamma reid også aleine. Men eg reid med ein mann. Det var morosamt, for når hesten sprang, så hompa det så. Mamma trudde at me skulle ri i dalane, men me skulle ri ein del i byen istedet. Me tok ein pause, og gjekk tå hestan. Før me gjekk tå hestan, så tok mannen kameraet til mamma og tok bilder. Etterpå så gjekk me til elva og satt for å ta ein pause. Når me var ferdig å sitta ved elva, så gjekk me attende til hestan.

Me har vore på sirkus. Det var morosamt å gå på sirkus. Klovnen på sirkuset var kjempemorsom. Dei som jobba der var flinke til å trikse. Klovnen var der når dei triksa. Klovnen hadde ein strømpebukse med sånne lange tjukke strå som såg ut som hår. Når me var ferdig så delte dei ut ein leike til kor onge i sirkuset.

Peru

førebuingPosted by mamma Mon, March 14, 2011 01:57:43

Me har sett lamaer, alpakkar, vicunja. Me har vore i Mahcu Phiccu og der er såg me lamaer som gjekk over alt. Det som var morsomt med Mahcu Picchu var at mamma fortalte at Mahcu Picchu var ein by som inkaindianere budde i, men så kom spanjolane. Dei øydlegg alt det andre som inkane hadde laga, men ikkje Machu Picchu. Når me var ferdig med å sjå Mahcu Picchu, så gjekk me til bussen. Me var i Moray. Der var det ein liten Moray og ein stor. Den vesle hadde steina på seg, men den store hadde ikkje steina. Rare treppa, der dei var festa inni, slik at me måtte hoppe. Når me var på midten tå Moray så tok me bilder.

Når me køyrde til Colca Canyon, så var me kjempehøgt oppe. Me var på nesten 5000m, var ikkje det høgt? Me såg mange condorar, der dei flaug rett over uss, og mamma fekk eit fint bilde. Mamma besvimte for fyste gang.

Me var på Titicaca-sjøen, den største innsjøen i Peru. På Titicacasjøen var det sivøyer. Det er ei øy som er laga tå siv. Når eg skulle gå på sivet, syns eg det såg litt skummelt ut. Men når eg gjekk på sivet, så kjente eg at det ikkje var skummelt for det. Det var morsomt, du kunne springe og. På den andre sivøya var det restaurant. Me køyrde sivbåt, det var morosamt. Me var på ein øy som heitte Tranquile. Der var det menn som satt og strikka, og damane spant.

Eg, storebror og mamma går på skule. Mamma går på spanskskule. Eg og storebror går på norsk skule i Arequipa.

Los Angeles og litt Peru

førebuingPosted by mamma Fri, February 11, 2011 14:56:01

I Los Angeles har eg tatt bilde av stjerna til Ole Brum og Snøkvit. Me var på kino, då såg me på Yogi bear.

Og me såg fotavtrykka til Donald Duck. Me kjørte rundt og såg på husa til kjendisane. Me var på museum for toleranse. Etterpå reiste me til Peru. Me var i Lima fyrst. Der bada me på hotellet. Me var i parken med alle kattane, og me var utenfor kyrka me alle kattane. Me var på flystasjon og henta gommo. I Piura har me besøkt barneheimen til storebror. Der hadde dei kjempemykje mango

Januar

førebuingPosted by mamma Mon, January 24, 2011 06:40:42

Eg har vert elefantpasser, eg satt på halsen til elefanten, det var litt stikkete. Me har vert på tiger zoo der såg me på tiger show, elefant show og litt på krokodille show. Eg har kjøpt eit kamra som eg kan ta bilde tå meg sølv men den tar bere bilde når du smiler. Så reiste me til Kuala Lumpur. Me har vert i fugleparken i Malaysia og der såg me struts, flamingo, stork, papegøye, påfugl og mange andre fugler. Me såg når påfuglen tok ut fjæra, så fekk me sett den fine farga og mens den hadde ut fjæra så gjekk den rundt og rundt å laga lyd.

Me har vert i tårnet som heiter Petronas Towers og i Chinatown... Me har sitti på 19 timers flyet. Me har kome til Los Angeles. Me bur i Holiday Hotel.

Jul og nyttår i Thailand

førebuingPosted by mamma Tue, January 04, 2011 10:31:48

Me har hatt norsk mat i Thailand. Storebror har fått racket og tennisballar. Eg har fått bilbane og kjøpt radostyrt bil. I jula så et me på den norske sjømannskyrkja.På nyttårsheftan så et me taco. Me har hengt høgt oppe i lufta, i zip- liner.

Det var fullt med aper på vegen til zip-linene og me har hatt besøk tå søskenbarna og onkel å tante Me har sett ein kobra slange. I dyrehagen såg me jaguar, flodhest, jungelkatt, leopard, kvittiger, firfisle. Me har vore på ein øy som heiter ko samet og onkel fanga ein ein svart sjøhest. Me har og køyrt speedbåt. Me har vore på vannunderverden og der såg me haiar. Me har kjørt gokart.

Vietnam

førebuingPosted by mamma Tue, December 14, 2010 05:03:33
Me har vert på båttur, og me har sitti på ein liten båt. Me såg kosson dei laga rispapir og gotteri. Me satt lenge i buss. På båtane var det fjes, for før så var det krokodiller. Det brukte dei til å skreme krokodiller med. Me fekk ein liten sykkeltur. Mamma sykkla og eg satt påm for dei var for store sykklar for meg.

Kambodsja 2

førebuingPosted by mamma Thu, December 09, 2010 14:29:51

Hei

Me var på ein ekkelt stad som heiter "Killing field". På museumet såg me hodeskaller og kjever. Når Pol Pot levde, så var det mange som døde. Å då var det sånn at dei som var med i rødekhmer slo dei ihjel og dytta dei i massegraver. Etterpå var me i fengselet, og såg kossen dei plaga folka. Me såg også kleane til folka.

Me har sett to elefantar. Me har køyrt tuk-tuk, og sett mykje rart.

Next »