storebrorblogg

storebrorblogg

Reisa i mine auge:

Les kva eg gjer/tenkjer i løpet av planlegginga og reisa vår.

Mexico City

FørebuingPosted by storebror Mon, July 18, 2011 12:44:16

No har me våre i Mexico city. Me har eigentleg berre fått sett området rundt uss....

Men, me har sett verdens nest nest største pyramide. Me har og sett nokon gamle ruiner og koss dei laga tequila(det er ein alkoholiansk drikk som mange drikk i Mexico). For uss var Mexico city kjempe stor.

Teotiguaca og andre ting me såg på vegen:Me sto opp, åt frokost og venta på lit på ein taxi. Dei skulle også hente nokre fleire folk som skule vera med. Det fyrste staden var ein kyrkje og nokon veldig gamle ruiner. Inne i kyrkja var det ein mann(statue)som hadde eit forkle fult av blomster. Guiden fortalte:”det var ein gong ein mann som skulle te byen, men for og koma dit måtte du gå over eit fjell. Når mannen var på toppen såg han ei jomfru som sa att dei skulle bygge ei kyrkje te ho. Så mannen gjekk ned igjen te biskopen og sa det ho hadde fortalt, men biskopen trudde ikkje på det. Biskoppen sa du er jo berre ein vanleg mann...Så mannen gjekk opp igjen på fjellet og der var jomfrua. Han sa at biskopen ikkje trudde på han. Då sa jomfrua at han skulle plukke med seg alle rosun han fann, ned te biskopen. Og det gjorde han, og når han kom ned te biskopen att, sa han att jomfua hadde sagt att eg skulle ta med alle rosun ned te deg. Så slapp han alle rosun ned på golvet, og der såg biskopen jomfua i forklet mannen hadde hatt rosane i. Etter det laga dei ein kyrkje te ho” Etterpå reiste me te den kyrkja dei hadde laga te ho. Når me kom inn i kyrkja gjekk det oppover. Det var fordi Mexico City har sunke nokon meter lenger ned. Så reiste me te Teotiguaca. Når me kom fram skulle me fyrst sjå på ko tequila var laga av. Det var ein kaktus.

Det var ein giftshop der. Det var veldigt mange steinskulpturer der. Eg fekk lov te å prøve smake ein alkoholisk drikk som smakte gjær. Etterpå åt me lunsj. Me fekk ikkje lov te å gå heilt øverts på månetempelet. Når me skulle te soltempelet gjekk me gjenom døds gata. Gata heite døds gata fordi dei fant mennesker som var bunde hendane bakpå ryggen. Det var litt slitsomt og gå opp 250 tråppetrinn, fordi nokon gjekk nesten heilt opp. Det var veldig god utsikt frå soltempelet. Etterpå gjekk me mot bussen. På vegen såg me mange kaktusar. Så reiste me hotellet. Neste dag måtte me stå opp kl 5 fordi me skulle reise te Guatemala.... 

 

 

 

Lima

FørebuingPosted by storebror Mon, July 18, 2011 12:42:12

No har det vore veldigt lite skriving, og eg må beklage...(har drive og skrive reisebrev te ein påskeavis te skulen) Siste stopp i Peru var Lima, før me reiser te Mexico osv....

Men me har altså vert i Lima, og der gjorde me masse morosamt, me har vore på sightseing tur og innom noko anna ting og tang.

Dag 1: Mamma hadde bestilt hotel hjå ein familie. Når me kom te Lima var det som eg skulle ønske eg var i Kina. Det var ivertfall mykje varmare enn det var i Arequipa. Mamma hadde fått ein mail om att det var ein fyr som skulle plukke uss op men det blei det ikkje noko av.... Så derfor tok me ein taxi dit istadenfor. Når me kom te huset, gjekk me opp te rommet. Før me reiste te Lima, hadde mamma sagt at rommet vårt hadde namnet Titicaca. Når me kom på rommet, tok me på uss shorts og t-shjorte, puhh! Så reiste me te Larco Mar, der bestilte mamma ein sigtseing tur. Me skulle fortsatt ha dobbelbuss. Fyrste (buss)stopp var nokre ruiner, der offra dei også folk. Ruinane var veldige gamle. Etterpå reiste me te Plaza Mayor, det var ein veldig grønn og fin park. Guiden skulle vise uss katakombane i ei kyrkje som heite San Fransisco. Når me kom inn i kyrkja var det nåkre treppa ned som eg trur, gjekk ned te katakombanen. Når me kom ned såg me fyrst og fremst ei hovdskalle... Det verste med katakombanen var att når folka døde, så berre heiv dei folk på golvet og venta på att dei skulle bli skjelett(dei låg der i ca 2 månadar) Etterpå vart det berre litt farting i byen før me reiste te huset....

Dag 2: Etter å ha fått surra uss på ein slags taxi kom me endeleg te barneheimen. Når me kom inn var det veldigt mange folk der, som helsa og var glade. Det var veldigt fint og reint der.Me fekk en slags guidetur rundt om i barneheimen .Eg og syste fekk ein gele som syste hadde eti masse av når ho var liten. Den dagen me var der var det også ein liten kar som hadde bursdag. Så me fekk kjeks og popkorn. Eit anna sted me var denna dagen var ein vattenpark. Der var det veldigt fine og brae fontener. Det var berre heilt rått om kvelden. I vattenparken var det ein vattenpyramide og mange fontener. Me kunne gå igjennom ein tunnel av vatn og eit slags spel der du skulle prøve og ikkje bli våt. Men det beste var eit vatten-laser-show. Det var vatn som spruta opp også såg me folk som dansa der. Etterpå var vatten showet slutt og me gjekk heim igjen....

Dag 3: Den nest siste dagen i Lima gjorde me nesten ingenting anna enn å farte rundt i byen. Me såg på noko som likna på garden, der heiv dei gevara te kvarandre og marsjerte. Me var også i Plaza San Martin. Så åt me mat og reiste heim og gjorde uss klare til å forlate Peru for denna gongen(håpar å koma att)

Ha-det Arequipa

FørebuingPosted by storebror Tue, March 22, 2011 19:15:43

Hei!

No vert det litt skriving om både Cuzco og Arequipa. I Cuzco var det nesten berre lusking i byen og innom nokre kyrkjer. I Arequipa har me gått på skule i 2 veker og vore heime(i leiligheten) og vore på nokre kjøpe senter.

Dag 4, 5 og 6(i Cuzco): Dag 4 var veldig trist. Fordi då reiste gommo og kompisen min og co. Me har sett ein Jesus Kristus statue som var oppe på eit fjell. Eg og syste spelt tre på rad. Alle McDonald har vanlegvis ein raud M, men i Cuzco var det ein svart M. Det var fordi dei i Cuzco sikkert hadde sagt at dei ikkje kunne lage ein McDonald som var raud og gul. Inne i McDonald var det bord med kart over Peru og det var peruanske bilete på veggane. Siste dag var det berre rusling i byen. Sist på dagen reiste me te Cruzero Suite. Mamma hadde bestilt ein luksusbuss te Arequipa. Det var dobbelt så tjukke stoler som dei vanlege og kjempemjuke. Me fekk teppe og pute. Eg sovna veldigt fort......

Arequipa

Den fyrste veka var dei andre skule elevane våre på svømmeveke. Mamma bestilte spanskskule dei to vekane me skulle gå på skule. Me har vore på Parque Lambramani, Real plaza og Plaza de armas(ikkje kjøpesenter, men setrumet i byen).Eg har fått fotball som vart eti opp av ein hund! Eg gleda me litt te å begynne på skula att.

Veke 10 og 11: Eg og syste gjekk på skule i 2 veker. Torsdag var kansje verdens beste dag. På slutten av dagen hadde me vatnballongkrig, det var kjempe morsomt. Når me var ferdig, reiste me te Parque Lambramani. Veke 11: Var bra den og. Me gjorde leksu osv. På fredag hadde me ein film kveld.

Laurdag: Mamma hadde bestilt ridetur. Eg hadde ein egen hest som passa veldig fint. Me reiste med hest litt uttafor Arequipa. Etter å ha ridd ein time, tok me ein pause. Guiden gjekk ned te ein elv som heitte Chilli. Det var skikkelig straum der!!Etterpå gjekk me te hestan igjen. Me reiste med hestan opp te huset te guiden att. På vegen gjekk det så fort att eg helt på og dette av. Når me hadde sett attende hestan, køyrte guiden uss te Calle Jerusalem. Når me hadde komme fram, gjekk me å åt lunsj. Så kjøpte me taco. Og så reiste me heim. På vegen gjekk me innom eit stort sirkus. Så me skal dit på måndag. Når me kom heim laga me taco(å åt den....)Etterpå vart det litt lesing, og spelling før me la uss. Eg fekk ein Ferrero Rocher av syste som ho hadde fått i bungaloven på Ko Samet(Thailand)

Sundag: Me hadde bestemt uss for å reise te byen og gå rundt å surre. På slutten av dagen åt me noko kjempe godt. Mamma og syste hadde funne ein restaurant som var kjempebra. Me hadde bestilt alpaqa, kyr, sau, høne og grisekjøt, som vart grilla på ei stor plate. Kjøttet var kryddra veldigt bra. Ein femmer frå meg. Etterpå reiste me heim.

Måndag: Når me åt middag på sundag, var det eit kart over ting me burde sjå i Arequipa. Mamma sa då at det var ei jente som blei kalt Juanita. Så me gjekk på det museumet idag. Me gjekk te museumet som var veldig nære Plaza Del Armaz. Det tok litt tid å vente, fordi det var nokon andre som var der no.

Når me kom inn i museumet, såg me ein film. Mamma hadde sagt att inka-indianerane offra ungan for att det ikkje skulle bli vulkanutbrudd. Dei viste på filmen koss dei gjorde det. Fyrst så gjekk dei opp eit fjell som var ca 6000 m.o.h. Når dei kom på toppen av fjellet tente dei eit bål å drakk chi cha. Men dei som skulle bli offra var litt stolte av å bli offra fordi det var berre dei penaste og perfektaste som blei offra. Offeret drakk noko gift eller veldigt sterkt, fordi det skulle bli slått i hovudet med ein treklubbe. Når offeret var dø, pakka dei ho inn i eit teppe og la masse fine ting ved sida av ho. Når filmen var ferdig, såg me på ting dei hadde på seg, og ko dei hadde ved sida av seg. Og så skulle me sjå Juanita som var ca 615 år.

Ho var i eit slags skåp som var så kaldt som 20 minus. Juanita kunne ikkje vera i varmen, fordi det var så kaldt oppe på fjellet, at ho ikkje hadde tålt klimaet nede i Arequipa. Når me var ferdige med museumet, reiste me heim og åt restan av tacoen. Etterpå reiste me te sirkuset. Eg og syste fekk popcorn(som vart tomt før det begynte) Fyrst så var det ein mann som sykkla, satt på stol, sto oppå ein stol, gjekk i blinde, og hadde ein dame på skuldran på ein line ca 7 meter over bakken. Etterpå var det nokre kjempe morsomme klovna som gliste frå øyre te øyre. Den eine klovnen hadde ein diger revolver, og når han skaut gjekk kula i sakte film!!!Etterpå var det nokon gutar som tok salto, den minste guten dansa te Billie Jean. På slutten fekk eg helse på den morsome klovnen. Så gjekk me heim....

Tysdag og onsdag: Idag ska me te Mall Aventura Plaza og ete mat der. Og på onsadag skal me pakke, reise te Cruz Del Zur og reise te Lima.....

Machu Picchu

FørebuingPosted by storebror Thu, March 17, 2011 15:00:12

No ska eg skrive om Machu Picchu. Det var ein av plassane der inka indianarane budde.

Machu Picchu : Eg gleda meg veldig te detta. Me hadde eti og venta veldig lite, før bussen me hadde leid kom. Det var nesten den samma vegen so te den guideturen for litt sea. Men me køyrte litt lenger enn me trudde. Bussen stoppa ved ein togstasjon og me gjekk te toget vårt. Det var glas både i taket og på veggen. Eg synest det var veldig gode seter der. På vegen såg me masse jordlandskap(og dyr).

Me fekk drikke og mat på vegen te Machu Picchu. Me fant guiden og tok buss te fjellet Machu Picchu. Eg synest det var litt varmt, så eg tok tå meg fleecen. Når me kom opp, såg me Machu Picchu. Det var kjempestort. Me gjekk opp på den beste utsiktspunktet. Det var skikkeleg kult. Det beste var at det var veldigt lyst då. Me gjekk litt oppover og der sto me ca halve dagen.

Ho fortalte: “det var ein gong ein inkakonge som døde så fort at han ikkje hadde sagt kven som skulle bli den neste kongen i Inkariket. Den døde kongen hadde mange søner. To av sønnene krangla veldig om kven som skulle bli konge. Den eine sønnen budde i nord og den andre i sør. Inkakongen i sør og folket hans hadde høyrt historier om gudar som hadde lys hud og masse skjegg og hår. Men inkakongen i nord skulle vera lur og si at han samarbeida med conquestadorene(gudane). Så han avtalte eit møte med dei.Når dei kom, begynte dei å skyte med børser som inkane aldri hadde sett før. Dei høyrte folk som skreik og såg folk som silblødde.Dette gjorde at sjølv om dei var mange fleire, så vart dei så forskrekka at inkakongen blei tatt. Dette gjorde at dei ikkje klarte å kjempe meir. Inkakongen frå Nord spørte om koss han kunne bli fri att. Og då sa conquestadorane:”viss inkafolket klarer å fylle eit heilt rom med gull og eit med sølv, så kan du bli befridd”. Men når conquestadorene fekk gullet og sølvet drepte dei fyrst inkakonge i sør (broren) så nord-inkakongen.

Etterpå gjekk me ned te Machu Picchu! Det var berre dei rikaste, dei som kunne mest, dei som var sterkast og dei som var flinkast som budde innanfor murane i Machu Picchu. Dei som ikkje var så rike, budde uttafor Machu Picchu. Når me kom inn på Machu Picchu var det mange slags hus. Husa var veldig svære. Midt i byen var det vasskanal som folket kunne forsyne seg med når dei ville. Dei kunne vaske seg, hente vaten og drikke det. ¨Me såg på eit sol tempel som var der. Når sola lyste inn i det eine vindauge, var det ein slags sermoni. På heilage plassar var det dobbel-dør, det såg ut som det var to dører. Det var berre dobbeldør på soltempelet og heilage plasser. Etterpå gjekk me te Condor tempelet. På vegen såg me nokre llamar og allpakkaer.I condor tempelet var det berre å sjå. Etterpå gjekk me te eit tempel der dei hadde sermoniar og studerte astronomi. Det var ein solkalender, det var nokon som sa att vist du heldt hånda over steinen, fekk du meir energi. Så gjekk me på ein siste plass. Det var ein stad der alle kunne vera. Ein slags kyrkje. Det var nesten som ein labyrint.

Etterpå gjekk me litt fritt og me såg på llamar og litt på tempel. Så var det vel tid for å reise attende te bussen vår. Me gjekk te bussen og reiste nedover te togstasjonen. På vegen hadde det vore eit steinras så me måtte bytte bus. Når me venta på bussen fant ikkje mamma billettan te toget. Mamma spørte ein vakt som hadde finni bussen me hadde sitti i. Men dei fant det ikkje. Då tok me ein buss ned te togstasjonen. Når me kom ned, sto guiden og venta. Ho sa att ho hadde ein kollega som hadde funne billettan og kom ned med dei. Eg, gommo og syste gjekk og kompisen min og co gjekk å åt mat. Pluttselig kom mamma med billettan og alle var glade. Så me kom te toget og det gjekk fint. Når me kom te bussen reiste me te hotellet.....

Cuzco

FørebuingPosted by storebror Fri, March 04, 2011 20:21:54

Hei!

No har me vore i Cusco! Det er ein kjempefin by og det er masse fint å sjå. Me har sett mange kyrkjer i Cusco og dei er veldig digre og store! Me har sett Machu Picchu, det var der inka-indianarane budde. Og me har sagt hadet te gommo, kompisen min og slektningane hans.

Dag 1: Eg hadde blitt frisk igjen og me hadde hatt ein triveleg busstur te Cusco. Me hadde hatt 5 stoppar te saman(den eine stoppen var mat). Når me kom fram tok me ein taxi te hotellet, me såg ein mann som sto på ein diger stein og ein park. Når me kom te hotellet reiste me te byen med ein gong Me var på eit markedt og såg på peruanske souvernirer. Etterpå fekk me ein kjempeoppgåve, me skulle finne ein stein med 12kantar(det var ein lang vegg med mange steinar, alle ville bu oppå steinun fordi det er jo ein del jordskjelv i Peru så steinun var kjempetrygge!)Men det var ein som fant den te slutt....Me hadde venta på familien te kompisen min som eigentlig skulle komma før uss men dei hadde stått bom stille i 6 timar!(men dei kom før mat i alle fall) Det blei mexikansk mat og peruviansk mat. Etterpå gjekk me te hotellet.

Dag 2:Me sto opp og åt frokost å gjekk ut te byen. Eg hjelpte gommo med å kjøpe billetun te ein kyrke med tre slags digre rom. Fyrste var eit gullalter, det var kjempe fint. Og dei hadde masse speil i kyrkja fordi spanjolane sa at viss dei såg inn i speilet blei dei kristene. Det andre rommet var kjempe stooort! Der var det kjempe mange bilder og eit kjempe fint orkester, og det siste måltidet(eit rart kult bilete, dei et marsvin.) Det siste rommet var det jesus. Me gjekk ned ein tråpp. Der var det mange biskopar som var begravd. Etterpå gjekk me litt laust i kyrkja. Me bestillte ein bilett som gjorde at me kunne sjå masse i Cusco. Etterpå gjekk me og åt mat. Så leita me vilt etter eit museum. Det var ganske bra. Så tusla me rundt før me åt middag og reiste på hotellet for å legge uss.

Dag 3:Me hadde leid ein buss ca ein heil dag, å måtte stå opp veldig tidleg(som vaneeg)Eg gleda me veldigt te å sjå Moray(før var det mange som dyrka masse grønnsaker der. Men no er det berre sermoniar der)Me kom inn i bussen å det bar av stad. Fyrste stopp var Sacsayhuaman. Der var det mange sermoniar, det er det mange som dansar og syng. Det var eit soltempel(ein slags mur). Muren var laga av mange steinar som vog opp te 130 tonn! Dei brukte blant annent hår av både llama og menneske hår og ein spesiell kaktus. Då kunne dei dra det kjempe langt uten att tauet røyk. Eit spesielt sted var eit sted der det var ei llama som var laga av stein.

Det var nokre Allpaqa som blei fotomodellar. Etterpå reiste me te Pisac. Det var noko liknande som Sacsayhuaman, men der var det inka indianare som blei begravd i fjellsida. Dei blei lagt sånn som dei blei født. Dei som var litt viktigare enn andre, hadde mur foran fjell veggen. Me hadde ein guide som sa at dei hadde ein indiana kors, der var det mange ting dei skulle følge i korset. Dei hadde tre inkareglar:

1*Ikkje juge(lyve)

2*Ikkje stjele

3*Ikkje vere lat.

Etterpå reiste me og åt lunsj. Det var buffet som vanleg, men dei har veldig god mat der og dessert!

Så reiste me te eit sol tempelet i Ollantaytamba. Me gjekk opp mange tråppu som var veldigt bratt. Me hadde god utsikt. På andre sida var det eit høgt fjell som viste ein konge som såg te sia, når sola lyste på soltempelet var det ein viktig dag. Når me kom ned var det ein slags vask, når dei skulle opp måtte dei vere reine og fine. Eg synest dei er veldig kule.Etterpå reiste me te Moray. Når me kom fram hadde det begynt å koma ein del skodde, men fyrst såg me på(vesle)Moray. Den var litt mindre enn den(store) Moray. Me gjekk ned dit, og det var tråppetrinn, ellers så måtte me hoppa ned ca 1,50 meter. Det var litt kult å sjå opp. Etterpå måtte me gå opp igjen..... På vegen ned såg eg eit tre med rare krøller.

Når me kom heim åt me god tomat suppe og allpaca mat. Etterpå gjekk me på rommet å la uss.....

Puno og Titicaca

FørebuingPosted by storebror Tue, March 01, 2011 19:56:01
Hei!

No har me vert i Puno, der var me eigentlig berre 2 dagar. Me har sett sivøyer, sivbåtar og Titicaca sjøen. Eg kjøpte ein liten sivbåt som blei med heim med gommo. Me har hatt ein liten spyrunde og...

Dag 1(og natt): Syste hadde kasta opp på kvelden før me skulle reise te Puno. Me sto opp og syste var fortsatt litt slapp, men det gjekk bra. Så reiste me te Cruz del Sur. Me fant bussen og me reiste te Puno. Når me var i Juliaca var det endå ein spyrunde, men det gjekk også bra. Når me kom te Puno var me litt svoltne, me gjekk te ein restaurant. Mamma såg på ein meny, så me bestilte ein meny. Me fekk allpaca og gele. Etterpå gjekk mamma`n og kompisen min te hotellet, men me gjekk te brygga istaden for. Me gjekk innom nokre markedet og såg mange slags ting. Det beggynte å regne veldig, så me tok ein taxi te hotelet vårt men det gjekk ikkje så fort.... Så gjekk me på rommet og spelte litt kort og åt pringles før me la uss.

Dag 2: Mamma hadde bestillt tur te ein sivøy så me møtte opp neri resepsjonen. Me åt frokost før me reiste te båten me skulle reise med te Los Uros. Me køyrte båt ca 15 min og høyrte på at guiden skravla om inkane og koss dei budde på sivøyun som heitte Los Uros. Eg følte meg litt slapp. Når me kom fram regna det. Me fekk lov å komma inn i eit hus, så me ikkje blei våte. Der var det nokre folk som prata om alt dei levde tå og koss dei dreiv sivøya. Husa var litt anleis og dei åt siv og, det var masse calcium i dei. Dei hadde blitt uenige om sivøya, så dei saga den i to. No har det regna veldig i Puno, så då måtte dei ta på nytt siv kvar dag, men viss det ikkje regna og var turt, kunne dei leve utan å ta på siv meir enn 2 g i månaden. Etterpå fekk me lov te å køyre ein sivbåt, men det kosta 5 soles. Det var nokre små unger som sang på båten. Eg må vera veldig masse fotomodell på jorda rundt, for mamma likar å ta bilder. Me køyrte inn te ein øy som det var masse fisk på.

Etterpå reiste me te ein øy som heitte Taquille. Me satt på taket på turen te Taquille. Der var det ikkje politi! Mennan strikka og gjekk i forskjellige unifomer. Me gjekk opp og det var veldig seigt. Me fekk ein slags urt når me gjekk oppover, dei sa att den hjelpte mot å ikkje bli så sliten. Me tok ein liten pause ved ein by, der var det nokon menn som gjekk med nokon slags uniformer. Me fortsetta og gå, på vegen såg me nokre dyr som hadde eit slags (fot)håndgern(men dei var laga av tråd). Me forsetta å gå te ein restaurant som det var tre menyer. Me hadde veldig god utsikt over vatnet. Eg åt litt suppe og ein tomat på vegen te båten gjekk det gale og eg kasta opp....Me gjekk ned 252 tråppetrinn. På vegen ned såg me mange slags sauer. Etterpå reiste me attende te Puno, det tok ca 2 timar. Når me kom te Puno, fekk me lov te å besøke barneheimen som perutreffet mitt gav inntekter te. Men det var ingen der, men me fekk lov te å sjå koss det var der. Etterpå reiste me te ein gågate, der kjøpte eg ein liten sivbåt som gommo tok med heim. Etterpå gjekk me å åt mat. Eg åt ein skei med suppe og ein liten gulerot. Etterpå reiste me te hotelet å spelte både gris, krig og vri åtter. Eg las lit før eg la meg og sovna. Neste stopp er Cusco!

Arequipa

FørebuingPosted by storebror Thu, February 17, 2011 18:11:11

Morn igjen!

No har me kome te Arequipa. Me har et fint lite hus, og det er mange store kjøpesenter der. Eg og syste har gått på skule, og me har vert i Colca Canyon(det er ein djup dal). På vegen var me på eit fjell som var ca 5000 meter over havet.

Dag 1(laurdag )Me hadde køyrt 16 timar buss og eg var veldig trøtt. Me fant bagasjen vår og fant ein taxi kjapt. Når me kom dit me skulle bu, stod rektoren(ved skula med skulle gå på)og venta på uss. Han viste uss rundt i huset. Det var ein middels stugu, eit kjøkken, to bad og to soverom. På det eine soverommet var det ein køyeseng og ein(baby)seng. Syste tok (baby)senga. Gommo tok det andre soverommet. Eg sovna veldig fort........

Dag 2: Me måtte kjøpe noko å ete te frokost. Så vaska me og ordna så det skulle bli fint hjå uss. På kvelden reiste me til Parque Lambramani. Det var eit stort kjøpesenter! Me handla ting og tang. Me handla meire mat, fotball og kleu. Me åt middag og. Så reiste me attende te huset vårt. Etter å ha rydda ut mat osv så la me uss.

Dag 3, 4, 5, 6 og 7:Me har begynt med skulestemmning att. Fyrste dag var me på plass i DNS. Dei hadde egen trampoline og grassfotball bane. Kvar dag hadde me ein andakt. Det var berre 11 elevar på heile skula! Me hadde nesten den sama rutina som heime på mi skule. Men kr.øving var noko anna. Me hadde redigering av ein film som heiter livet te Knut Arne. Dei hadde eit lite biblotek. Me fekk lov te å ete maten ute. Me laga skisser i K&H. ¨Me laga forbilder osv. Eg fekk halve skula som vener. Eg var med på mange ting saman med dei, eg var på bursdag, klub og filmkveld.

No har eg vore på DNS ei veke, men eg får fri pga eg får besøk og eg skal te Colca Canyon

Dag 8:Me får aldri fred, fordi me skal stå opp så tideleg! Me skulle ha ein sightseing tur i heile Arequipa. Eg sat saman med gommo, me såg masse forskjellige ting og tang. Det var mange stoppar.

Eg fekk drops av ein tå dei som køyrte. Eg såg alpaqa, llama, viccuna. Det var ein vulkan som heitte Misti den var aktiv, men den sprekk(eller ko det er)om ca 500 år. Så då er eg ihvertfall dau. Etter sightsiengen gjekk me å åt lunsj, mamma og syste gjekk te KFC. Der blei det full stopp. Eg og gommo hadde eti maten vår og eg rakk ein runde kabal. Mamma fekk ein trøystesoftis, og eg fekk den!

Etterpå reiste me te real plaza. Der var det mange kule ting, me kjøpte mat(som vanleg)og bursdagsgåve te ein i klassen min. Eg synest den kulaste butikken var ein som hadde kjempemasse rare og kule ting. Det begynte og regne skikkelig masse den dagen. Vegan var nesten som Titicaca sjøen. Me fekk på ein måte ein bade tur. Det var bra mamma sa at me skulle ha på uss sandalar. Me åt på ein resturant, og blei der ein liten stund. Etterpå reiste me heim(etter å ha brukt litt tid på å finne taxi) Me var klissblaute når me kom heim, så eg veit ikkje ko me gjorde då. Så gjekk eg å feira bursdag. Når eg kom heim, så gjekk eg te køys.

Lama.

Dag 9:Me hadde stått opp og venta på buss ca 1 time. Så reiste me Plaza Del Armaz. Etter kvart fant me bussen og det bar avstad te Colca Canyon. Eg såg ville llamar, alpaqar og viccuna og kaktus. Me var oppe på eit fjell som var ca 5000 meter over havet. Så reiste med nedover igjen. Me åt lunsj når me kom heilt ned. Me fant hotellet og det var litt kult, det var to etasjer. Det var to senga nede og tre oppe. Me fekk lov te og bade i ein kilde, den var varmt. Så fekk me mat det var typisk peruansk.Så gjekk eg og la me i 2 etasje.

Dag 10:Me sto opp og reiste. Me såg condor som berre var 15 meter over uss. Så reiste me heimover. Eg spelte på IPoden min på vegen, så det tok ikkje lang tid. Når me kom heim var det ein venn som spurte om eg ville vera med på filmkveld. Me såg på ein morosam film og spelte litt super mario.

Dag 11: Eg skulle endelg få besøk igjen av ein peruvenn. Me hadde gjort leksu, så fekk mamma beskjed om at dei hadde komme. Me heiv uss i ein taxi og køyrte te hotellet deires. Når me hadde møtt dei gjekk me og åt mat. Etterpå sa me hadet (men me skulle møtast i morgon)

Dag 12:Idag skulle me te eit kloster,der var det masse forskjellige tang og ting. Me såg masse av Jesus. Og det var mange hus, det var eit rom eller fleire og eit stort kjøkken. Eg fekk lov te å kaste ei krone neri ein lykkebrønn. Så fekk me lov te å gå opp te eit utkikkspunkt. Etterpå gjekk me te Plaza Del Armaz og mata duene. Så reiste me heim. litt etterpå kom dei andre på besøk te uss. Me leika og sparka fotball. Etter ein time eller to gjekk me på ein kina restaurant. Me hadde bestilt for masse igjen! No resier me snart på ein lang tur til Puno og Cuzco.

Piura - byen min

FørebuingPosted by storebror Thu, February 03, 2011 23:42:49

No har me kome te piura. Me har leita etter postkort, sett på kyrkjer og vore på kjente stader. Eg har sett på barneheimen min og sparka fotball der. Eg fekk med mange mango heim på hotellet. Me har også vore i Catacaos(byen ved sida av Piura)

Dag 1: Me hadde kome med 16 timers-bussen vår frå Lima og var litt svoltene(fordi me fekk ein loffskive te frokost)Så me skulle berre ta bilete, så kom sjåførarane våre. Mamma måtte berre hente sekkan våre. Når me kom te hotellet, kasta me sekkan frå uss og tok ein relax. Etterpå gjekk me te Plaza del Armas. Det var ein firkanta park som var passe stor, der var det skopusserar, og ballbobble selgar. Me var i kyrkja ved sida av parken, den var diger!Det var mange skulpturar av Jesus (fordi det er kristendom(katolsk) i Peru)Etterpå åt me lunsj. Te middag bestilte me 3 rettar for ein (diger)familie, men me fekk litt meire enn det me trudde...Eg trur ikkje me åt halvparten ein gong. Så gjekk me te hotellet. Spelte fifa 11 før eg sovna

Dag 2:Me sto opp, åt frokost(noko anna enn loff),og reiste te Catacaos. Der var me på eit digert marked. Der var det postkort, solhattar, keramikk, souvenir og masse fine ting. Eg fekk eit ying-yang smykke. Etterpå reiste me te eit anna digert marked, der var det masse mat(og fluger). Me tok taxi ttilbake te hotellet.

Dag 3:Eg skulle møte dama som ordna med papira i dag. Me prata med ho og tok bilde, me fekk lov å besøke barneheimen min. Etterpå gjekk me te ein taco-resturant. Me bestillte taco. Eg kjøpte fotballar te barneheimen min. Så gjekk me og kjøpte endå meir kinamat som me nesten ikkje orka.

Dag 4:Endeleg fekk eg sjå barneheimen min. Me bestilte taxi og det bar fram. Når me kom dit, såg me ein port. Når me kom inn, var det nesten som slik eg hadde sett det for meg. Det var nokon gutar som ville spele fotball med meg. Eg spelte, og det var morsomt og spele fotball igjen. Dei var gode te å spele fotball i Peru. Etterpå skulle me møte ho som passa på meg når eg var liten. Men fyrst så såg me ein haug med store mangoar. Dama som ordna med arka spurte om eg ville ha. Så gjekk me te der eg budde, me tok nokre bilder derifrå. Så kom ho som passa på meg. Ho sa att eg hadde blitt stor. Eg fekk smake ein mango og den var søt. Så fekk me to heile posar med mango. Me reiste te eit kjøpesenter. Det var litt forskjellige ting der. Så reiste me te hotellet og gjorde leksu.

Dag 5: Me har vore på museum, det var om helten Miguel Grau. Han var ein sjøkrigar. Me har vore i gatar og sett på masse rart. Så åt me middag på hotelet, og gjekk te rommet vårt og la uss

Dag 6: Me har nesten berre vore i byen idag og. Me har gjort ein god del lekser. Eg har no lyst te og spele raring og gå på kinaresturant.

Ko eg tenkjer om barneheimen min:

*Eg synest det var både rart og kult å koma tilbake te barne heimen min, fordi det var kult å sjå kor eg vaks opp og ko som var der. Det var ein stor barneheim med mange ongar, eg håpar at dei får eit fint liv.

*Eg synest det var rart å vera der eg hadde vore før.

*Eg synest at folka der pratar veldig fort spansk

*Og det er tv overalt.

Next »