mammablogg

mammablogg

Her kan du lese:

Her skal eg skrive litt undervegs, både i planlegginga og ikkje minst undervegs på turen - frå ei mamma sin ståstad.

Heime att

PlanleggingPosted by mamma Mon, April 25, 2011 13:53:19

Så sit me heime att... Rart, og frykteleg vedmodig. Eg opplever at ongan etterkvart førebudde seg på å kome heim, og byrja å glede seg til å møte att mange menneske. Men ingen av dei er lei av å reise, og er klar for tur att når som helst ;-) Umiddelbart kan ein glede seg over å møte familie og vener, god seng, eige bad, oppvaskmaskin, TV (ihvertfall norsk) og at vinteren er over. Men det var frykteleg rart den fyrste kvelden - då me skulle legge uss, og for fyrst gong på nesten eit halvt år - ikkje skulle sove på same rom.... Ein vert glad av å bli møtt av plakat og påskegåve på trappa, velkomen heim - meldingar og middag hjå gommo og goffa. Men samtidig er det stusseleg å veta at det er lenge til neste gong ein skal reise til heilt nye trakter, og trø ut i det heilt ukjente.

Om ein skal oppsummere litt, så vil eg påstå at me har bevist at det ikkje er så farleg som mange vil ha det til. God planlegging, bruk av dei forhåndsreglane ein kan, og sunn fornuft klarar seg lenge.

Me har ikkje hatt ein kansellering el forsinkelse av fly, me har ikkje mista eller fått bagasjen for seint nokon plass, mammaen har ikkje vore sjuk i det heile tatt (ikkje forkjøla ei gong), veslesyster ein dag med oppkast og storebror 2. Me er ikkje vorte fråstjåle noko, eller rana....

Kvifor ikkje? God planlegging, god kunnskap, god tid (alltid reist til flyplasser etc i svært god tid. Alltid ha tid til det uforutsatte....God tid sikrar og at ein tek ein ekstra sjekk og får med seg alt og ikkje mistar noko) og god håndhygiene. Me opplever at det var godt for ongan å ha 2 baser undervegs, men 2 mnd var nok - på begge plassane. Med eit hektisk program, så er det lurt å tenkje ein "kviledag" kvar 3 - 4 dag. Ein dag der ongan får "fritid". Me har opplevd at dei stadane me har vore berre uss 3, har vore dei stadane der ongan både har syns det har vore kjekkast og har lært mest. Dette er heilt klart fordi eg då har vore heilt tilstades for dei. Me har god erfaring med at eg har lest meg opp på ein attraksjon i forkant, slik at me slepp å nytte lokal guide, men kan vera guide for dei undervegs. Det har og vore veldig kjekt å sita saman og finne ut ting om det me skal sjå på seinare. Då kjenner dei det att når dei ser det i virkelegheiten. Gjer det mykje meir spennande.

De imange timane på flyplassar, fly og buss har vore ypperlege skulesituasjonar. I tillegg til klare avtaler om "arbeidsdagar" når me har vore i ro på "basane" våre.

Ein siste oppsummering kjem sienare, når me har landa litt meir, og fått det heile på avstand. Men foreløbig så seier me takk for uss, og takk til dikkon som har skrivi kommentarar. Det er kjekt at de har fulgt uss... Ser på staitstikken at det og har vore mange som ikkje har nytta kommentarfeltet, men om det er nokon der ute som vurderar det same, ta gjerne kontakt. Me hjelper gjerne med tips!

New York

USAPosted by mamma Mon, April 25, 2011 13:22:00

Så var det klart for siste stopp på den lange turen vår. Denne stoppen hadde eigentleg storebror krevd, men mammen er glad for at ho høyrde på han. New York er ein fasinerande by. Me budde i penthouseleiligheten til den norske sjømannskyrkja. Hadde til og med takterasse.... Det var veldig kjekt, og ganske så sentralt. Den ligg på 52th street, og 2nd av. Heilt ok å gå både til 5th av,, Broadway/Times square og Central Park. Me kom ganske seint på måndagen, så då gjekk me berre ut og et litt før me la uss. Tysdagen tok me beina fatt (som vanleg ;-) ), og gjekk til Times Square. Me prøvde å få tak i billettar til Lion King, men det vsite seg at ikkje var mogeleg - det er jo påske... Elles blir ein jo slått av kor utruleg stort alt er! Kommentaren til storebror seier vel det meste... "Me er jo nesten som maur her...." Manhatten er ein utruleg samlng av skyskrapere - i ordets rette forstand. Det var ganske stusseleg vær, med litt duskeregn, så me bestemte uss for å gå på "Harry Potter exhibition". Det var veldig kjekt. Her fekk me sjå kostymer og rekvisittar dei har nytta i alle filmane. Veldig bra laga til. Elles var me på leikebutikken "Toy's are Us" - med innandørs pariserhjul, og 4 fulle etasjer med leiker i alle varianter. Disneystore sjølvsagt, og - tru det eller ei - ein 4-etasjes butikk som heiter m&m's world. ALT er berre m&m....... Me et og på Hard Rock Cafe - New York. Storebror tykkjer det er spennande med alle rekvisittane frå kjente artistar.

Dag 2 var dessverre og litt grå og trist frå moronen av, men me visste ikkje om det kom til å klarne opp, så me måtte prioritere det storebror hadde hatt som hovedmål for stoppen her - Friheitsgudinna.

Me er jo vorte vant til å reise på "budsjett", så me tok sjlølvsagt gratisvarianten.... Gratisferja over til Staten Island går rett forbi, og er god nok for å få sett statua. Me tok og med uss Ground Zero - og memorial center of 9/11 denne dagen. Ein ny påminnelse om kor grusomme menneske kan vera, i religionens navn.

Me brukte undergrunnen i dag, og tok etterpå den opp til Central Park. Og no klarna det faktisk opp, og eg må si - at stort betre tid enn våren kan ein vel ikkje velgje for å ta seg ein tur i Central Park. Nydeleg med alle dei blomstrande trea. Me måtte faktisk ta uss ein tur her den siste dagen og, då det var utruleg flott vær.

Mammaen hadde bestemt seg for å skaffe seg ein ipad2 før ho reiste heim(over kr 1200 billigare enn heime - spes på grunn av den dårlege dollarkursen...), men det var ikkje så lett. Fekk beskjed om at det var begrensa tilgang, og at det var kø frå ca kl 3 på natta - utanfor applebutikken på 5th av. Det heile endte med at me tilfeldig gjekk forbi ein elektrobutikk, der storebror såg atdet stod at dei hadde - og det hadde dei... Så eg fekk tak i ;-) Siste kvelden var skikkeleg vedmodig. Både storebror og mammaen måtte ta seg saman for å ikkje bli supersentimantale over at det no faktisk er slutt. Me hadde planer om å legge uss tidleg og byrje å ta inn att litt norsk tid, men me vart heller liggjande lenge og prate om alt me 3 saman har sett, opplevd og fått vera med på. Saman 24 t i døgnet. Det blir noko me aldri får att, og aldri vil gløyme.

Siste dagen vaska me uss ut av leiligheten, gjekk litt rundt dit ongan ville att - td Times Square- med m&m.... Handla faktisk litt klede, slik at me måtte kjøpe ein ektra bag for å få det med på flyet. Det har vore ein kamp å aldri kjøpe noko på turen, og av og til ganske frustrerande for både liten og stor, men samtidig så har me spart mykje pengar på det. Ingen tvil om at ein ofte kjøper mykje ein ikkje nødvendigvis treng...

Orlando

USAPosted by mamma Mon, April 25, 2011 12:39:59

Me får vel skrive litt om dei siste dagane og ;-) Turen til Miami gjekk veldig greitt, og me reiste for å hente ut leigebilen. Så reiste me attende til flyplassen for å hente familien som skulle vera saman med uss i Orlando. Men i det eg slår på mobilen, så tikkar det inn melding - dei sit fast i Amstedam pga at flyet frå Norge fekk problemer, slik at dei ikkje rakk flyet til Miami. Dei kjem med flyet til same tid i morgon(kl 19.00). Me sit på flyplassen, og har bil og hus i Kissimee - Orlando. Etter å ha vurdert litt att og fram, så køyrer me dei 3,5 - 4 t til huset. Då brukar me formiddagen til å handle inn litt, før me køyrer attende til Miami. Det var litt uvant å køyre bil att. Spesielt ein stor automat, og på vegane i Florida. Men med GPS, så gjekk det heilt greitt. Me kan ihvertfall si at fekk smake den amerikanske biltilværelsen det fyrste døgnet. 12 t på Florida sin turnpike er nok ;-)

Me hadde forhåndskjøpt billettar til 5 parkar, så tysdag vart det Disney Hollywood Studio.

Dette er den minste Disneyparken. Me såg Indiana Jones, Narnia, Skjønnheten og udyret, Den lille havfrue, stackstage-tur, 3d-toy-story og mykje anna. Storebror tykte den innendørs berg- og dalbanen var best! Ikkje ille med kø heller, men greitt med den minste parken den fyrste dagen. På morgonen onsdag så viste det seg at eldsteguten i den andre familien hadde fått vannkoppar. Han måtte dermed ta nokre dagar inne, og me andre tok dei parkane han hadde minst interesse av. Me kasta om på planane, og tok vannparken denne dagen. Me hadde valgt Seaworld sin vannpark - Aquatica. Ein heilt grei vannpark. Ongane kosa seg heile dagen.

Torsdag tok me Disney World(Magic Kingdom). Disney World er så stor at ein treng heile dagen. Men ein kan jo ikkje slutte å bli imponert av systemet og kor velsmurt dette er... Den enorme mengden folk, og likevel var me ikkje plaga av mykje kø, og parkering og inngang går heilt smertefritt. Veslesyster fekk møte prinsessene. Det var stort, og ho kjøpte seg og ein prinsesssekjole. Elles møtte me sjølvsagt Mikke mus etc. Det er svært mange ulike attraksjoner her. Det er vanlege karusellar (dei nrukte me ikkje mykje tid på), litt større "berg- og dalbaner"/tømmerrenner etc, og dei klassiske turane rundt i tablå som fortel historier frå Disneyverdenen. I tillegg er det ein liten parade kl 15, ein stor og spektakulær parade med lys og laser kl 21, og eit enormt fyrverkeri kl 22.

Så det er ein lang dag, men ongane koste seg veldig. Det kjekkaste var Pirates of the Carribean, Ola Brum, Space Mountain-berg og dalbanen (den kunne veslsyster og ta), Splash Mountain og alle dei teikneseriefigurane me møter gjennom dagen. Fredag tok me ein "kviledag", der ongan testa ut bassengt i huset, me handla litt og elles tok livet med ro.

Lurdag var det klart for Sea World. Her er det mykje fokus på show med ulike vanndyr, men det er og 2 store berg- og dalbaner der. Så dei to "berg- og dalbaneentusiastane"-mamma og storebror var ganske oppsatt på å ta desse. Me var smarte, og gjekk innerst i parken fyrst. Då var det tomt for folk der, og me fekk ta Kraken heilt utan kø. Den var ganske bra. Så tok me alle saman ein annan "tømmerenne", før me gjekk for å ta Manta. Dette er ein berg- og dalbane der du heng liggande. Dette var skikkeleg kjekt! Det gav ein heilt ny oppleving! Både storebror og mammaen har den på "top-10-lista" Etterpå var me på ulike show med spekkhoggere, delfiner, sjøløver etc. Det var ein kjekk dag. Då hadde me spart den parken storebror og guten som hadde vore så uheldig å få vannkoppar til slutt.

Me hadde huset berre til sundag, så me pakka uss ut, og reiste til Universal studio's - Island of adventure. Dette er rekna for å vera "ekstremparken", men me tykkjer den har ulike aktivitetar for alle aldre. Det storebror og kompisen hadde gleda seg mest til var Harry-Potter-verdenen. Og det var dei ikkje åleine om.... Resten av parken var tom, medan det var heilt stappa i Harry Pottar-verdenen. Me stod ein time i kø for å få lov til å kjøpe tryllestav hjå Olivander..... (og fann etterpå ut at me kunne gått inn bak, el kjøpt den ein annan plass) Det blir anbefalt å gå til Harry Potter tidleg på dagen, men det er eit dårleg tips... På ettermiddagan var det nesten halve ventetida! Eg trur 80 % av folka som kjem til parken fyrst og fremst kjem for å koma hit, så dei delar seg ut på resten av parken seinare på dagen. På ettermiddagen/kvelden vart det heilt ok ventetider. Storebror tykte turen inne i Galtvort var heilt magisk! Det er og 2 bra berg- og dalbaner i Harry Potter-verdenen. Elles i Island of adventure så finn du Jurassic Park, ein utruleg bra "3-d-reise" med Spidermann, Hulken-berg og dalbanen, og fleire tømmerrenner der du kan bli skikkeleg våt! Du finn og eit område for mindre ongar som inkluderar ein tur gjennom eventyret - "The cat in the hat". Me rakk ikkje alt, men det var ein veldig bra dag.

I og med at me ikkje hadde huset lengre enn ei veke, så hadde me ikkje klare planer for overnattinga denne dagen. Me var ganske slitne, så me tok eit hotell ganske nære Orlando, og stod heller opp ganske tidleg dagen etter for å køyre til Miami. Me skulle reise med flyet til New York kl 14.30, så det vart ikkje meir enn å køyre ned denne dagen. Ei hektisk veke, men ongan var veldig nøgde og syns dei hadde sett og gjort det dei hadde hatt lyst til. Så får det heller vera med mammaen sine kjensler rundt det å vera midt i verdens største oppkonstruerte turistmaskin... Det fins jo så mykje flott å sjå rundt om i verden som er "naturleg". Men eg ser jo at ongan tykkjer det er kjekt! Og berg- og dalbaner er jo morosamt - til og med for meg ;-)

Pc - trøbbel

USAPosted by mamma Mon, April 18, 2011 05:34:00
Må berre beklage, men me har ein pc som ikkje vil meir. Og i og med at me har så kort tid att, så kjem det ikkje noko meir før etter at me kjem heim. Men me har hatt ei intens og flott veke i Orlando, og set no kursen mot New York.

Dei siste dagane i Mexico

MexicoPosted by mamma Sun, April 10, 2011 01:53:56

Ja, no reiser me frå Mexico, og det er berre att 2 stop på lista vår. Men me har kost uss i Cancun. Det bær preg av å vera ein skikkeleg turistplass, men me har faktisk vore litt slappe, og klare for nokre dagar med bad og sol. Men me fekk med uss det vitigaste me hadde bestemt uss for å sjå og gjera.

Fredag reiste me på ein fulldagsutflukt til Chichen Itza. Dette er definert som eit av verdas 7 nye underverk. Den eldste delen - “gamelbyen” vart bygd av mayaene rundt år 400 - 800. Den vart så forlatt, før den vart bygd ut og nytta av en kombinasjon av mayaer og Toltecs. Toltecs var ein gruppe indianere frå den sentrale delen av Mexico. Me ser det tydeleg, fordi etter Toltec sin påvirkning, så er det den fjærkledde slangen som er hoveduttrykket for det guddomelege. Mayaene var, på same måte som Incaene, gode atronomar, og leste kalenderen ut frå sola og månen. Vår- og haustjamndøgn er det slik at i ca 2 timar vert det ein spesiell skugge på den store pyramiden “El Castillo”, som heilt klart visar ein lang slange, der hovudet i botn er enden.

Inne på området finn ein mange ulike tempel, og områder. Mykje er restaurert, men ein del er ikkje rørt endå. Der dei ikkje har funne alle steinane, har dei latt vera å restaurere fullt ut. Det betyr mellom anna, at den store pyramiden berre er intakt på 2,5 sider. “Bak” er den ikkje like flott. Det som og er veldig spesielt med denne store pyramiden, er at det er ein annan pyramide inne i pyramiden. Inntil for 4 år sidan, så kunne ein gå inn i de store pyramiden, og opp på den vesle, der ein på toppen fann 2 store statuer. Men etter ei ulykke, så er det stengt. Det er heller ikkje lov å klatre opp på nokon av desse byggverka, då dei er redd for slitasjen. Mayaene/Toltecerane hadde det same systemet som incane, med at delar av byen var forbehold dei rike og flinke. Dette er den nyaste delen av Chichen Itza. Her har dei og funne ein stor ballplass. Det er bevist at dei hadde ein form for ballspel, der målet var å få ein gasnske tung ball opp gjennom 2 ringar i veggen mellom ballplassen. Ballspelarane vart utstyrt med beskyttelse på alboge, skuldre og hofter. Dei meinar at det sannsynlegvis var den som vant, som vart ofra til gudane - dvs halshogd. Dette var ein stor ære. Ofring av menneske var opprinneleg ikkje ein del av Maya-kulturen, men hjå Toltecerane.

I “gamelbyen” finn ein og ein ballplass, og mellom anna eit observatorium. Dette vart brukt til å studere årets gang, og stjernene. Overalt ser ein restar av at det har vore hugd ut bilete/mønster i steinane.

Etter Chichen Itza, gjekk turen til ein Cenote - Ik kil. Dette er undervannselver/grotter. På yucatan-halvøya finn ein nær sagt ikkje ferskvatn oppe på overflata, men det er mykje under jorda. Det fins slike grotter svært mange stader. Nokon passar for å dykke - og svømme i - mange med stalakitter, medan andre er kun store hol i bakken, med ein liten opning, og der det er vatn langt nede i botn. Ofte er det svært grønt og frodig rundt slike cenoter, og med mange lianer etc. Ongan syns det var kjempekjekt å svømme i cenoten. Dette var ein cenote som var godt tilrettelagt for mindre ongar(stiger opp og ned frå vatnet etc), slik at dei klarte seg godt. Storebror tok faktisk rekord i hopp frå 5 meter. Ganske stilig i slike omgjevnader ;-) Ein fin dag vart avslutta med ein tur på Familierestauranten: “Sjokoladefabrikken” Sjokoladefontene gjorde dagen komplett ;-)

Den siste heile dagen i Cancun hadde me satt av til veslesyster sin store draum - å svømme med delfinar. Det er ganske mange som tilbyr dette, og vanskeleg å velgje, men me endte opp med ein plass som var tilknytta eit badeland, så då vart det ein full dag.... Det var 3 ganske spente jorden-rundt-farere som skulle reise til “Dolfinaris”. Me hadd beregna ganske god tid, men det kom ingen buss som skulle så langt, så til slutt måtte me hyre ein taxi. Me var på plass akkuratt kl 11.00 Me fekk oppbeviangsboksar, inngang i vannparken, og vart utstyrt med flytevester. Dette måtte alle som skulle svømme med delfinane ha. Me var så kjempeheldige at me var berre uss 3 - og 2 delfinar! Og det var ein utruleg flott oppleving. Det er flotte dyr, sosiale og sterke. Ein får faktisk inntrykk av at dei set pris på menneskekontakten. Trenaren som var med uss var då og veldig dyktig. Alle 3 fekk prøve å gi dei klem, kyss, håndtrykk, kose med dei i vatnet, gi dei “instrukser og det ultimate - få lov til å “henge på slep” etter finnane - på magen deires. Ein flott oppleving, og svært vanskeleg å si nei takk til nydelege bilete (175 digitale....) og dvd etterpå. Så sjølvsagt vart det dyrt ;-) Men både storebror og veslesyster syns det var ein utruleg flott oppleving, så då hugsar dei det kanskje betre.

Etterpå var det 5 timar i vannpark, med “all-inklusiv”, så det vart både ete og drikki, sjølv om ongan inntok maten nesten ståande, for å få tid til alt dei ville. Heim att med bussen for å pakke og gjera seg klare for den ekstreme turistdelen av reise - Orlando - med alle parkane! Men det blir kjekt og, for då får me besøk av ein familie til. Då skal eg køyre bil att og - etter 5 mnd utan å sitje bak eit ratt i det heile. Kanskje eg burde vurdert eit oppfriskningskurs - ihvertfall før eg hiv meg ut i trafikken i Miami???

Tankar når det nærmar seg slutten

MexicoPosted by mamma Sun, April 10, 2011 01:46:39

På ei så lang reise, så vert ein både vane med og nesten fortruleg med mykje. Det er mykje som er anleis enn i Norge rundt om i verden ;-). Dette er då og noko av poenget med ein slk tur. At me skal sjå og merke at me bur i eit veldig trygt og godt tilrettelagt land.n No er me ganske lite skvettne, og kanskje av og til noko naive, men likevel, det har vore nokre utfordringar på vegen.

Ko me ikkje kjem til å savne:

Småkryp av alle slag - me har hatt desse innanfor dørene våre: maur (i varme land, så må ALLE heile tida passe på å ikkje søle noko søtt, skylle tallerkener etc etter eting osv, ellers er dei der på 2 min... ), frosk, kakerlakker av ulik storleik (dei er kjappe, men me er vorte kjappare...), slange (ok - i hagen), flugu, mygg, biller, fugl, edderkopper etc.

Rare senger - mange harde senger - spesielt i Asia. Aldri dyne som me har i Norge. Rare puter - rispute i Kina. 3 stykkjer i ei dobbeltseng er og av og til i trongaste laget.

Kaste dopapir i bøtte....

Kun varmt vatn i dusjen(ikkje i nokon andre kraner), og då med fare for elektiske støt....

Heile tida vera på vakt, passe på verdisaker og tryggleiken generelt. Dette har me merka mest i Sør-Amerika.

Søtt brød, stort sett berre fint...

 

Ko me kjem til å savne:

Varme, bading og sol!

Tid! Me disponerar all tid - og styrer den sjølv, utan å sjå på klokka i stor grad.

Alle “varme” menneske - alle smilar og helsar på alle. Ganske ulikt Ål/Leveld.

Opplevingar - mogelegheiten til å heile tida sjå noko nytt og oppleve noko nytt saman.

Kollektiv transport - at det er både enkelt og rimeleg å nytte kollektiv transport. Har vore godt å ikkje køyre, og setje seg i ein bil for alle ting ein skal.

Kunne eta ute nesten kvar dag, då det nesten ikkje er forskjell på å lage heime og eta ute

Prisnivået i Asia og Peru.

Asiatisk mat (mammaen) All mat (storebror)

Kva me har savna:

Familie og vener som står uss nær - sjølv om me har vore heldige og hatt mange besøk

Knekkebrød, brunost og norsk nonsmat

Senga, puta og dyna vår.

Cancun

MexicoPosted by mamma Thu, April 07, 2011 05:24:33

No er me attende i den skikkelege varmen! Her er det jamnt rundt 30 grader, og sol kvar dag. Me har leigd ein leilighet som er i eit kompleks på hotelstripa i Cancun. Ikkje den mest interessante plasseringa, men eit utgangspunkt for å finne på ulike ting. Det er svært enkelt og trygt å forflytte seg her, fordi det går bussar kvart 5 min, frå hotellsona, og inn til byen. Me har utsikt til laguna på den eine sida av leiligheten og til bassenget, stranda, og det mest turkise havet du kan tenkje deg på den andre. Så slik sett kan me ikkje ha det betre. Og i og med at dette ikkje er eit hotell, så er me nær sagt åleine - både ved bassenget, og på stranda. Desse fyrste dagane har det blåst ganske godt, og ongan syns det har vore fantastisk å leike i bølgene. Før har dei foretrukke bassenget, men her, med den flotte stranda, og havet utan så mykje som ein liten stein eller tare, så er det stranda som står høgast i kurs... Det einaste “problemet” er at me nesten ikkje får ut att sanda frå hovudbotn om kvelden ;-)

Fyrste dagen hadde me ein rein badedag, og andre dagen kasta me uss på ferja ut til Isla Mujeres. Isla Mujeres er ei lita øy utanfor Cancun, som ein lett kan nå ved hejlp av ferje. Me valgte å ikkje leige “golfbil”, noko som er det vanlege på øya, dermed var det litt begrensa kva me fekk sett. Men me koste uss veldig med ei strand nesten heilt for uss sjølv, med endå meir finkorna sand enn me har utanfor leieligheten og minst like turkis vatn. “Byen” på Isla mujeres var litt “karibisk”, men også prega av mange dagsturistar frå Cancun. Me kunne sikkert med fordel ha overnatta ei natt her. Dag 3 vart ein skuledag, der me jobba med skule nær sagt heile dagen, berre avbrote av ein tur for å booke Chicken Itza - tur. Det vart ein som og inneheldt Cenote-svømmetur, så det var perfekt.

Elles må eg konstatere at begge landa i Mellom-Amerika har vore dyrare bekjentskap enn eg hadde rekna med. Alt eg har lese, skulle tilsi at dei skulle vera ca i same gate som Peru, men dei ligg ein god del over. Problemet er vel eigentleg at me etter 4 mnd på tur i lågkostland, tykkjer alt er superdyrt, og vil omtrent grine når me skal begynne å betale matvarer i Norge att....Då vert det attende i den harde verkelegheit!

Elles er alt klappa og klart for siste del av reisa, og der byrjar faktisk å nærme seg med stormskritt. Me prøver å kose uss, og ikkje tenkje for mykje på det, men det snik seg inn ganske ofte. Det er vel kanskje bra og, at ein byrjar å mentalt innstille seg på å kome inn i det normale att. Sjølv om me håpar at me klarar å ta med uss noko av både roen og samholdet som ein slik tur gjev uss.

Antigua og Atitlan

GuatemalaPosted by mamma Mon, April 04, 2011 06:06:00

Torsdag morgon sat me på med pappaen inn til byen, for å ta bussen til Antigua. Antigua er ein av dei aller mest kjente byane i Guatemala. Det var hovedstaden til Guatemala frå 1543. Men etter gjentatte jordskjelv, så vart den forlatt, i 1773, og hovedstaden vart Guatemala City. Lite vart gjort for å gjenreise den i mange år. Sakte men sikkert så flytta det fleire folk attende, og byrja å ta vare på det som var att, og byggje opp att ein del som var øydelagd. Den er no erklært Unesco World Herritage Site, og sjølv etter eit nytt jordskjelv i 1976, så gjer dei no sitt ytterste for å byggje opp att det meste. Likevel er det mykje att å setje i stand. Den er spesiell både i høve plassering, og utsjånad. Det er låge, terrakottafarga hus i kolonistil, mange gamle kyrkjer(22)), kloster(14), steinlagde gater og Antigua vert rekna for å vera kunstsenteret i Guatemala. Rundt byen finn ein 4 vulkanar. Den eine - vulkanen Fuego kjem det fortsatt røyk ut frå, og ein kan sjå flytande lava i krateret. Det hender og den har små utbrot.

Me brukte dagen på å gå rundt og titte i gater, kyrkjer, marked etc. Me tok ein tur med hest og vogn, og fekk då sett dei fleste viktige plassane. Me såg at dei førebudde påskefeiringa. Det er stor merksemd rundt feiringa av påske i Antigua. Då lagar dei flotte kunstverk av farga sagflis, i gatene. Me såg at dei lagde ein liten slik inne i kyrkja “La merced”. Det går ein prosesjon av enorme “plattformer”, som vert bore av menneske i lilla klede(opp mot 300). Overalt hadde dei byrja å pynte med lilla farge i glasrutene, etc. Me tenkte me skulle gå opp på eit utsiktpunkt over byen for å sjå byen i solnedgang, men vart stoppa på vegen, av lokale som sa at det ikkje var trygt. Dessverre så er det ganske vanleg å bli utsatt for væpna ran rundt om i Gutemala, og ein sti gjennom ein skpg, opp på eit utsiktspunkt, er eit ypperleg mål. Me hadde funne eit koseleg hotell, og sov der ei natt.Dermed hadde me berre 2,5 timar til Atitlan.

Kl 05.30 stod me klare for å køyre minibuss til Panachel. Atitilan er ein innsjø, som er kjent for å vera svært vakker. Panachel er “inngangsporten” til denne innsjøen. Me ankom Panachel før kl 8, og då var det ikkje svært mykje som var oppe. Me bestemte uss derfor for å ta ein båttur på innsjøen. Det var litt disig, men ein trolsk stemning på sjøen.

Me besøkte 2 byar langs innsjøen. Santiago Atitlan og Santa Maria. Santiago er ein spesiell by, der mayakulturen står svært strekt, og der svært mange kvinner og menn går i tradisjonelle klede. Mennan går i kvite, halvlange stripute bukser, ofte broderte nederst. Og med eit fargerikt stykkje stoff som belte i livet. Jentene er tradisjonelle, med skjørt og broderte bluser. Fredag er dasgen for det største og mest folkerike markedet, og det fekk me oppleve ;-) Det var mange folk, og utruleg mykje flott å sjå på. Alt var til salgs, og alt vart kjøpt. Og kvinnene bar det heim att på hovudet, enten i ein type kjele, ein kurv eller i eit klede. Eller om det var blomar, berre i ein bunt.

Etterpå besøkte me den vesle byen Santa Maria. Me gjekk opp i sentrum og såg på folkelivet. Her hadde kvinnene einsfarga tørkle i ein runding rundt hovudet. Det er slik at dei har ulike kjenneteikn alt etter kva for landsby dei tilhøyrer. Her sat det mange og vevde på flotte løperar som dei solgte. Men me kan dessverre ikkje ta med meir...

I innsjøen er det til tider varme kilder. Det tyder at det er nokre stader det er veldig varmt vatn. Nesten slik at me ikkje kan ta i det. No hadde det og klarna opp, så me såg kor vakkert det er her!

Etter at me kom att frå båtturen, rakk me såvidt å sjå uss om litt i Panachel, før me skulle ha minibussen attende.

No hoppa me av minbussen halvegs til Antigua, for å besøkje ho som var i Norge samtidig med vår “nesten-datter/syster”. Her var det meir landbruksstrøk, og denne familien hadde mange bein åstå på ;-) Dei dreiv produksjon og salg av grønnsaker, mekanisk verkstad og ein liten mursteinsfabrikk. Var nok eit par driftige foreldre, som var veldig travle. Ongane var jo ganske store, så dei deltok i denne arierte familiebedriften. Veslessyster og storebror fekk no prøve å lage tortilla. Det vart steikt på ei steinplate ute på gardsplassen. Etterpå vart me sjølvsagt servert lunsj, sjølv om me hadde hivi i uss det før me reiste frå Atitlan. Ingen skal gåsvolten i Guatemala. Har dei mat, så deler dei!

Etter ein kjapp omvsining av pappaen i denne familien, over kva han dyrka og stelte med, så heiv me uss på ein lokal buss att til Guatemala City. Denne turen forsterka berre inntrykket av at folket i Gautemala er utruleg gjestfrie og blide.

Next »